Dialektar- ei side
med enkle foklaringar på målmerka som er brukte i prosjektet
(målmerke
som ikkje er brukte i prosjektet)
Apokope
(meir
utfyllande om):
I enkelte dialektar i
Noreg fell endevokalen bort (f.eks.: å springe og å kjøpe, blir
uttala å spring og å kjøp), det er dette som blir kalla apokope.
Område med apokope er på landsbasis Nordmøre, Trøndelag og nesten heile
Nordland.
Kart: Norge
Nærøy - ung (ikkje
markert på kartet, gjeld heile kommunen)
- vaksen
(ikkje markert på kartet, gjeld heile kommunen)
Diftongering(meir
utfyllande om):
(det motsette av monoftongering):
Når ein vokal blir
til to vokalar(f.eks.: å-en i går, blir til en åo-lyd i gåor),
blir det kalla diftongering. Område med diftongering er i Setesdal, ved kysten
ved Lindesnes og i enkelte område i Trøndelag.
Nærøy - ung
(ikkje markert på kartet, gjeld heile kommunen)
- vaksen (ikkje
markert på kartet, gjeld heile kommunen)
Nektingsadverb(meir
utfyllande om):
Alle dialektar har
ulike former av nektingsadverb. Nektingsadverb er kort sagt det ordet personen
bruker for adverbet ikkje på nynorsk. Dømer på desse kan være ikke, ikkje,
itj, itte, inte, ente.
Kart: Norge
Nærøy - ung
- vaksen
Pronomen(meir
utfyllande om):
Alle dialektar har
og forskjellige former av pronoma eg og vi:
Kart:
Norge - eintal
- fleirtal
Jamning(meir
utfyllande om):
Jamning opptrer i
jamvektsord i dialekter med kløyvd infinitiv. Rotvokalen blir meir lik
sluttvokalen i norrøne jamvektsord, til dømes våttå/vatta av det norrøne
verbet vita, og vårrå etter det norrøne verbet varra.
Rotvokalen har gått over fra -i til -å/-a, og vorti meir lik
sluttvokalen. Den sterkeste jamninga har dialektene i Inn-Trøndelag og
Nord-Østerdalen-her har vokalene ofte verte heilt like. Austlandsdialektene har
også jamning, men ikkje like sterk. Nordmøre og kyststrøkene i Trøndelag har
jamning omtrent på samme måte som Austlandsk.
Kart: Norge
Nærøy - ung (ikkje
markert på kartet, gjeld heile kommunen)
- vaksen
(ikkje markert på kartet, gjeld heile kommunen)
Svakehokjønnssubstantiv(meir
utfyllande om):
- endar på
trykklett vokal: jente, uke
- har tre typar
bøying i bunden form eintal; -a (den mest vanlege)-o/-å (Vest-Agder,
Rogaland, Hordaland, Møre-og Romsdal, søndre Nordland (Helgeland og Salten))-æ
(Rana). Bergensdialekta skil seg ut her, fordi den har endinga -en
i bestemt form entall.
Sterke
hokjønssubstantiv(meir
utfyllande om):
- endar på konsonant
eller trykksterk vokal: li, bygd
- har og tre typer bøyingar i bunden form eintal, men
den geografiske fordelinga er ulik; -a (størstedelen av landet)-o/-å (Sunnhordaland
og Rogaland)-i/-e/-æ/-ei (midlandsmålene,Indre Sogn, Nordhordaland,
indre Vest-Agder og Setesdal). Bergensdialekta skil seg ut her og,
den har endinga -en i bestemt form eintal.
Kart: Norge
Nærøy - ung
- vaksen
Tjukk
-L(meir
utfyllande om):
Tjukk -L vert laga
ved at den fremre delen av tunga blir bøygd oppover og bakover, og deretter
"smekkes" framover mot gommene bak overtennene (bakoverbøgd heiter
retrofleks på latin). Tjukk -L kjem frå to norrøne lydar, den mest
utbreidte; nemleg -tjukk L (som i blå og halv) og
av -rd (som i bord og gard). Område som berre
har tjukk -L av norrøn -L er det nord-austlege hjørnet av Aust-Agder,
den austlege delen av Telemark + i resten av austlandsfylkene, Romsdal, Nordmøre,
Trøndelag, og i Nordaland nordover til Hamarøy. Utanfor dette området finn vi
tjukk-L i Målselv og Bardu. Områder som har tjukk-L av norrøn -rd i
tilegg finn vi i grensetraktane av områder der dei har tjukk-Lav norrøn -L.
Kart: Norge
Nærøy - ung (ikkje
markert på kartet, gjeld heile kommunen)
- vaksen
(ikkje markert på kartet, gjeld heile kommunen)
Palatalisering(meir
utfyllande om):
- vil seie at –ll og –nn
får eit innslag av j-lyd og går over til å bli uttalt –llj og –nnj.
Palataliseing kjem av at tungeryggen under uttalen blir heva mot den harde
ganen,platum. Område med sterkest palatalisering finn vi i Sør-Trøndelag
og i Møre-og Romsdal. Her blir –nn og –ll palatalisert i både rotstavelser
og i endestavelser (kalljannj).I Nord-Trøndelag er det som oftast
palatalisering i berre rotstavelsa (kalljan). Sør i
palataliseringsområdet på Austlandet er palataliseringen mange stad
Kart: Norge
Nærøy - ung (ikkje
markert på kartet, gjeld heile kommunen)
- vaksen
(ikkje markert på kartet, gjeld heile kommunen)